onsdag 2. mars 2016

Nest siste dag på hotellet!

Idag gjorde me ikkje så mykje før me reiste på jobb. Me stod opp, åt og reiste på jobb og det var stort sett det. Det første eg gjorde når eg kom på jobb var å lage brown bread der eg målte opp alle ingrediensane, blada alt saman og fylte det i former med bakepapir, seinare på dagen tok eg ut brøda og pakka dei i plast folie. Etter at eg hadde putta brøda i ovnen fylte eg former med rabarbra mix til crumble. Etter det såg eg og noterte korleis Olga lagde ostekake. Eg tok og nokre bestillingar som Afternoon tea og scones. Det er for det meste det det går i tidlig på dagen. Det neste på lista var å lage mini pavlova der eg hadde oppskrifta frå før av og Olga viste meg kor store dei skulle vere, eg lagde ca. 7 brett med dette. Så etter det igjen stod eg å kutta ein god del ferdig rulla "pølser" av Cookie Dough og la det på brett og steikte dei. Når kjeksa var ferdige putta eg det i plast beholdarar og dekka det med plast folie. Det siste eg gjorde før eg gjekk til lunsj var å kutte opp mini scones og dekorere dei med krem og syltetøy. Til lunsj åt eg ein deilig wrap som Michelle hadde laga til meg og Torvald. Det siste eg gjorde før eg reiste var å legge opp to månedlig dessert som denne månaden e gulrotkake. Inni mellom la eg opp eit par andre desserta også som jordbærplate og crumble. Når eg kom heim las eg litt i ei bok før eg og Torvald sette oss i stova og såg på den første filmen om Narnia og det var det siste me gjorde før me reiste til hotellet for å skrive blogg.
Dagen idag har vore ganske bra, men eg kjenne at eg e ganske så klar for å reise heim til Norge igjen. Karoline
Brown bread

Afternoon tea for 2

Mini pavlova

Sjokolade kjeks



Mini scones 


Månadens dessert 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar